tirsdag, januar 22, 2019


Slik vil Tresfjordbrua krysse fjorden mellom Remmem og Vikebukt                                                       Animasjon:  Statens vegvesen

Nyheter frå Eksportvegen

DET VEGHISTORISKE MILJØET OVER STRAUMEN PÅ VESTNES VISER TRE ULIKE GENERASJONAR VEG OG BRU - KVAR MED SI SÆREIGNE HISTORIE : GAMLEBRUA, STRAUMSBRUA OG VESTNESBRUA


 

I 1946, berre eit år etter slutten på 2. verdskrigen, stod Helland  framfor ei større omregulering.

Helland hadde knappe 10 år tidlegare blitt ferjestad og dermed knutepunkt for den sterkt veksande biltrafikken.

Den om lag hundre år gamle trebrua hadde for dårleg bereevne til den både aukande og stadig tyngre trafikken over brua, og noko måtte gjerast.
Dette førte til at både Vegdirektøren og Fylkestinget i 1947 gjorde vedtak om bygging av ei ny bru 

over Straumen. Namnet vart Straumsbrua. Ho vart bygd om lag 90 meter vest for Gamlebrua.

Brua vart oppført som bjelkebru i 5 spenn med ei spennvidde på 15,5 meter,og brudekket er av 

armert betong. Byggeperiode 1954 og 1955. Som eit resultat av brubygginga, vart også vegen

 lagt om.

Straumsbrua vart opna for trafikk i 1955 . Eit stort framsteg. Det var på tide at Gamlebrua som no 

hadde vore i drift i 110 år fekk avløysing.

Etter at du har lese hit, trykk på tittellina ein gong til, så får du med deg resten av innlegget.


Lagt til: 5. desember 2018

DEI TRE BRUENE OVER STRAUMEN I VESTNES I TIDSPERSPEKTIV


Teksten til avsnittet om dei tre bruene over Vestnesstraumen er til dels henta frå boka "Vegminner", utgjeven av Statens vegvesen Møre og Romsdal i 2001. 

Noko av innhaldet kjem frå boka "Folk og ferdsel i Vestnes", skriven 

av Odd Sørås og utgjeven av Statens vegvesen til opninga av Tresfjordbrua 24. oktober  2015. 


Omtalen av dei tre bruene vert gjort kvar for seg, og etter kvarandre, delt i tre bolkar som fortel når desse bruene vart bygd over same straumen  med ei tidsramme på om lag 150 år mellom den første og den siste brua.

Biletet under viser framsida på boka VEGMINNER  med oversyn over alle tre bruene


 

Først av dei tre straumsbruene var

 

GAMLEBRUA.

Brua var ferdigbygd i 1844 som ein del av "Den Trondhjemske Postvei"

Ved nordenden av brua er det plassert ein namnestein med innskrifta "

WESNES  BRO  1844

Frå landkar til landkar er brua 96,70 m.

Brua vart bygd i åra 1842- 1844 og kosta i alt 1 195 specidalar.

Sjølv med gode argument om samanhengande vegstrekning til beste for alle, vart det mykje diskusjon om brua kunne skade østersbestanden som var der. Østersen hadde

faktisk ein stor økonomisk verdi for grunneigarane som einskilde år kunne hauste inntil 40 tønner østers.

Men bru vart det og alt året etter opninga, i 1845, vart brua klassifisert  som hovudveg.

 

 

Trykk på tittelen ovanfor, for å få med resten av tekst og bilete.


Lagt til: 15. november 2018

TRAFIKKUTVIKLINGA I 2016 og 2017 OG DEI TRE FØRSTE KVARTALA I 2018


24. oktober i år var det tre år sidan opningsdagen for både Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen.

Det kan vere interessant å finne ut korleis trafikken har utvikla seg desse tre åra.   

Både trafikktabellane og diagramma viser denne utviklinga og tendensane.

 Trykk på tittellina så kjem illustrasjonane fram.



Lagt til: 27. oktober 2018

Aktivitetsplan

Siste framdriftsmål

1.  Avtalar med entrepenørar  - hausten  2012

2.  Anleggsstart - hausten  2012

3.  Ferdig  tunnel   årsskiftet  2014-15

4. Ferdig bru   hausten  2015

 

Budsjetterte kostnader for fellesprosjektet

Siste kostnadsoverslag i millionar 2013 - kroner

Etter siste prognosen er kostnadsoverslaget per august 2013  1.592 mill. kroner .Per 01.01. 2013 er vegfritak for mva oppheva. Dette har ført til  auka brutto kostnadsanslag for fellesprosjektet med 187 mill kroner. Mva -kostnaden vert dekt av staten.   
Fellesprosjektet omfattar:
► Vågstrandstunnelen med tilførselsvegar
► Tresfjordbrua med tilførselsvegar
► Miljø- og trafikktryggingstiltak rundt Tresfjorden

Siste brutto kostnadsprognose per august 2013 viser:
 for Tresfjordbrua   1085 mill kroner
for Vågstrandstunnelen   482 mill kroner
for miljøtiltak rundt Tresfjorden     25 mill kroner

Stortingsproposisjonen om Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen , vart samrøystes vedteken av  Stortinget  31.mai 2012.
Copyright 2009 by DotNetNuke Corporation