torsdag, mars 21, 2019

Derfor er Tresfjordbrua så viktig

Prosjektet Tresfjordbrua er aleine eit av dei mest samfunnsøkonomiske vegprosjekta i landet, der ein vil kunne spare inntil 15 min køyretid mellom Ålesund og Oslo.

► Fjernar 15 km sterkt ulykkes-utsett og trafikkfarleg stamveg rundt Tresfjorden

► Dei 200 avkøyrslene som i dag er rundt Tresfjorden, vert når Tresfjordbrua er ferdig ikkje lenger vere på den nye E-136.      
     Dermed får vi ei nesten avkøyrselsfri stamvegstrekning på 40km mellom Ørskog og Måndalen

► Brua fører også, med same trafikkmengde som i dag, til om lag 30.000 km spart biltrafikk pr dag - med langt mindre vegstøv 
     og trafikkstøy

► Dette betyr 530 sparte køyretimar pr dag, 200.000 køyretimar pr år

► Redusert drivstofforbruk på 5.000 liter pr dag, 1,8 mill liter pr år

► Redusert utslepp av CO2 på 12,5 tonn pr dag, 4.500 tonn pr år


Synfaring på Tresfjorden

Prosjektleiar for fellesprosjektet Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen, Halgeir Brudeseth (tv)  og byggeleiar for Tresfjordbrua, Sigmund Lønseth, på synfaring på Tresfjorden 4. oktober 2010


  
                                                                                 Foto: Torgeir Stene
    
    

Prøvepeling på Tresfjorden

04.10.2010:
Prøvepeling for Tresfjordbrua er igang. Tre store røyr,kvart på inntil 64m lengde, ein diameter på om lag ein meter og materialtjukkleik på  20 mm, vert  drivne ned i grunnen for å teste grunnforholda langs brutraseen.
Her ligg dei tre røyra festa til kaia på Salthammer-verftet på Remmem.                                                                
Foto:    Torgeir Stene

                                                                                                                                                                                   Foto:   Torgeir Stene

 
Tre prøvepelar som vart slått ned i sjøbotnen ved Remmem i oktober 2010. Den eine har ein diameter på 900 mm, den andre 1000 og den tredje 1220 mm. Desse skal ikkje bli ein del av  brua, men skal fjernast etter at brua er oppkomen.                                                           Foto:   Torgeir Stene

Synfaring i brutraséen. Oktober 2010 i flott ver

Kai og hus på Remmemsida som har gjort sin innsats gjennom mange år. No skal området verte landfeste for brua.

Kai og hus etter at skogen var fjerna i 2011

 

                       Kristiansund Taubåtservice klar til peling, oktober 2010


                                                                                                                                                                           Foto:   Torgeir Stene

Copyright 2009 by DotNetNuke Corporation