torsdag, mars 21, 2019


Slik vil Tresfjordbrua krysse fjorden mellom Remmem og Vikebukt                                                       Animasjon:  Statens vegvesen

Nyheter frå Eksportvegen

KVA FOR KONSEKVENSAR DET NYE BOMPENGESYSTEMET KAN HA FOR EKSPORTVEGEN


Både tabellane og diagramma viser  kor stabil trafikkmengda og trafikkfordelinga er og har 

halde seg sidan trafikken over Tresfjordbrua vart opna 24. oktober 2015.

Dette viser igjen at trafikken på E136 mellom Åndalsnes og Ålesund held seg konstant, noko som 

igjen betyr at denne strekninga ikkje gir naturleg rom for å velje alternative vegar.

For å sjå resten av denne sida, må du trykke på tittelen ovanfor. Dermed kjem resten fra.
Lagt til: 18. mars 2019

TRAFIKKBILETET FOR EKSPORTVEGEN I 2018


TALET  PÅ  ALLE PASSERANDE  KØYRETY  I  2018 1 945 343

TALET  PÅ  ALLE  NETTO  BETALANDE  PASSERINGAR 1 275 503

TALET  PÅ  ALLE  REGISTRERTE  GRATIS  PASSERINGAR        669 840

    

Talet på gratispasseringar i 2018  utgjer etter dette oppsettet  34.4% av den totale trafikken, 

  Men det reelle talet er langt mindre. Grunnen til det er dei to bommane ,

       ein på Skjegstad og ein i Skorgen, står der for å sikre at lokal-
   trafikken inn og ut Tresfjorden skal vere gratis. Denne trafikken  aleine
   
utgjer  ein vesentleg del av den registrerte gratiskøyringa.

  Men alle passeringane vert rgistrert 


     

                                Dette får du vite meir om når du klikkar på tittellina ovanfor. Då kjem resten av denne sendinga fram.

.

Lagt til: 7. februar 2019

OM EKSPORTVEGEN SOM ER INNE I SITT 4. HEILE DRIFTSÅR - OG LITT OM TRAFIKKUTVIKLINGA I SAME PERIODEN


Bygging 

og finansiering

Det er  fleire ting som gir signal om utviklinga av Eksportvegen.

 

I Stortingsproposisjonen står det m.a. at  bompengeselskapet som ein føresetnad for bygginga av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen, skal finansiere 50% av byggekostnaden som var

kalkulert til 1 560 mill kroner. Eksportvegen sin del ville dermed utgjere 780 mill. kroner.

 

Nedbetalingstida var sett til 15 år.

Etter StortingsIvedtaket 31.05. 2012 som gav grønt lys for byggeprosjektet,  garanterte Møre og Romsdal fylkeskommune for låneopptaket. 
Kommunalbanken er långjevar.

Bompengesystemet og trafikkfordeling

Bompengesatsen for ulike køyrety vart også bestemt. Det vart oppsett 4 bomstasjonar, ein ved Vågstrandstunnelen og ein ved Tresfjordbrua.
Desse to stasjonane står plassert ved E136, og er hovudtrafikkåra på denne strekninga.
Dei to andre bomstasjonane vart oppsett for å hindre trafikklekkasje gjennom "gamlevegen" rundt Tresfjorden, men likevel slik at all trafikk til og frå Tresfjord, skulle kunne køyre bompengefritt.

 

Timesregelen

Det einaste atterhaldet var å sikre at gjennomgangstrafikken rundt Tresfjorden, i staden for å køyre over Tresfjordbrua, måtte betale same bomavgift som over Tresfjordbrua.  Bomsystemet rundt Tresfjorden vart derfor slik innstilt at ingen skulle  kunne passere begge bommane i Skorgen og på Skjegstad gratis innanfor
ei tidsramme på inntil ein time. Er passeringstida  mellom dei to bommane lenger enn ein time, blir gjennomkøyringa gratis.
Dette systemet vert kalla timesregelen. 

Når du har lese hit, klikk på tittellina ovanfor ein gong, så vert resten av sendinga med tabellar og kommentar synleg. 



Lagt til: 23. januar 2019

Aktivitetsplan

Siste framdriftsmål

1.  Avtalar med entrepenørar  - hausten  2012

2.  Anleggsstart - hausten  2012

3.  Ferdig  tunnel   årsskiftet  2014-15

4. Ferdig bru   hausten  2015

 

Budsjetterte kostnader for fellesprosjektet

Siste kostnadsoverslag i millionar 2013 - kroner

Etter siste prognosen er kostnadsoverslaget per august 2013  1.592 mill. kroner .Per 01.01. 2013 er vegfritak for mva oppheva. Dette har ført til  auka brutto kostnadsanslag for fellesprosjektet med 187 mill kroner. Mva -kostnaden vert dekt av staten.   
Fellesprosjektet omfattar:
► Vågstrandstunnelen med tilførselsvegar
► Tresfjordbrua med tilførselsvegar
► Miljø- og trafikktryggingstiltak rundt Tresfjorden

Siste brutto kostnadsprognose per august 2013 viser:
 for Tresfjordbrua   1085 mill kroner
for Vågstrandstunnelen   482 mill kroner
for miljøtiltak rundt Tresfjorden     25 mill kroner

Stortingsproposisjonen om Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen , vart samrøystes vedteken av  Stortinget  31.mai 2012.
Copyright 2009 by DotNetNuke Corporation