tirsdag, januar 22, 2019

Eksportvegen AS

TRESFJORDBRUA
er eit av dei mest samfunnsøkonomiske vegprosjekta i landet, der ein vil spare minst 15 min. køyretid mellom Ålesund og Oslo.

VÅGSTRANDSTUNNELEN
vil erstatte ein vanskeleg, smal og rasfarleg parsell på strekninga mellom Vågstranda og Måndalen.

Fellesprosjektet  Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen = Eksportvegen AS, vil bidra betydeleg til:
 -auka trafikksikring
 -sikrare framkommelegheit
 - betring av miljøet
 - betydeleg økonomisparing både for næringslivet og dei
   andre trafikantane langs E136.

EKSPORTVEGEN SITT FØREMÅL

 er å planlegge, bygge og drive dei to prosjekta Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen. Den totale kostnadsramma for byggeprosjektet, er om lag 1,5 milliardar kroner.


Med oppslutning i kommunestyra, både i Rauma og Vestnes, har Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen sidan då blitt fremja som eit felles prosjekt.

Med tilskotsmidlar frå begge kommunane og frå Sparebanken Møre og Sparebank1 SMN, kunne Tresfjordbrua AS systematisere og intensivere arbeidet.

Frå april 2007 har Roald Fiksdal vore tilsett som arbeidande styreleiar/prosjektleiar i delstilling for å gjere prosjektet kjent.

Spesielt har dette vore eit viktig arbeid opp mot offentlege myndigheiter som Statens vegvesen, kommunepolitikarar fylkespolitikarar og ikkje minst Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet og Stortinget.

Frå 1. januar 2011 vart prosjektleiarstillinga avslutta.

Kontakt oss

Dersom du har spørsmål om din AutoPASS avtale, så er det Ferde AS som har den daglege driften av Eksportvegen. 

Du når oss enkelt via vårt kontaktskjema.

Adresse:
Eksportvegen AS
v/Ferde AS
Postboks 2623
5836 Bergen

Telefon:
55 55 94 94



For direkte kontakt med bompengeselskapet: (mediekontakt)

Eksportvegen AS
Dagleg leiar:
Torgeir Stene
,
Mob: 951 84 674, 
E-post

Styreleiar:
Roald Fiksdal,
Mob: 995 89 040,
 E-post

Postadresse:
Postboks 122, 6399 Vestnes

Besøksadresse:
Livneset, Remmemsvegen 7, 
6390 Vestnes

Samarbeidet med Statens Vegvesen

Heilt sidan dei første tankane og planane om ei bru over Tresfjorden vart formalisert, har Statens Vegvesen naturleg nok spela ei sentral rolle i dette arbeidet.

Vår næraste kontakt  dei første 10 åra i Statens Vegvesen var Anders S. Moen. Ei arbeidsgruppe på 4 personar oppnemnd av Vestnes Formannskap i 1986, og seinare styret i aksjeselskapet Tresfjordbrua stifta i 1988, skulle bli hans lokale medspelarar i mange år.

På grunn av sjukdom og ein altfor tidleg bortgang, fekk  dessverre ikkje Anders S. Moen  oppleve den store aksepten Tresfjordbrua saman med Vågstrandstunnelen har fått av politikarar på alle nivå, og ikkje minst, at fellesprosjektet no står føre si realisering.

Etter den tid har Svein Solbjørg vore vår næraste kontaktperson hos Statens Vegvesen.

Han har vore  aktivt med i framdrifta av og den vidare planutviklinga for Tresfjordbrua AS og seinare Eksportvegen AS.

Svein Solbjørg har mangeårig erfaring i slikt arbeid og er framleis ein av fagpersonane  i arbeidet  for å få realisert dette viktige fellesprosjektet.

Etter at Statens Vegvesen oppretta prosjektorganisasjonen for fellesprosjektet Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen , har vi også eit godt og nyttig samarbeid med prosjektleiar Halgeir Brudeseth.
Copyright 2009 by DotNetNuke Corporation