tirsdag, juni 25, 2019

Aksjonærar i Tresfjordbrua AS

Tresfjordbrua AS vart stifta 21. november 1988 med ein aksjekapital på kr. 1 025 000. Til stades på stiftingsmøtet var Petter Inge Bergheim, Nils Valde. Knut Bjørn Hungnes, Ole Tennfjord og Torgeir Stene. Seinare vart aksjekapitalen utvida til kr. 1 030 000, og fordelte seg då på 206 aksjar á kr 5 000. Av desse var det 101 A-aksjar (med stemmerett) og 105 B-aksjar (utan stemmerett).

Vestnes kommune var initiativtakar og største aksjonær med 60 aksjar, og hadde etter vedtektene rett til å peike ut 4 av dei åtte styrerepresentantane, herunder styreleiaren. Rauma kommune, Sparebanken Møre og Romsdals Fellesbank (seinare Sparebank1 SMN) var dei andre dominerande aksjonærar, og kunne peike ut ein styrerepresentant kvar. I tillegg til desse var det 7 kommunar og 19 private bedrifter blant aksjonærane.

I ekstraordinær generalforsamling den 29. oktober 2009 vart aksjekapitalen utvida til kr 1 770 000. Ålesund kommune utvida sin aksjepost med 58 aksjar frå 2 til 60 A-aksjar, Rauma kommune utvida sin med 50 frå 10 til 60 A-aksjar, og Gjensidige kom inn som ny aksjonær med 40 aksjar (9 A- og 31 B-aksjar). Selskapet har no 354 aksjar á kr 5 000, fordelt på 218 A- og 136 B-aksjar.

Selskapet skifta samstundes namn frå Tresfjordbrua AS til Eksportvegen AS, og vedtektene vart endra slik at formålet er å bygge både bru over Tresfjorden i Vestnes og tunnel mellom Vågstranda og Måndalstunnelen i Rauma. I samsvar med den nye aksjefordelinga har no både Rauma, Vestnes og Ålesund kommunar rett til å peike ut to styremedlemmar kvar. Vestnes skal framleis ha rett til å peike ut styreleiaren (sjå meir under "Styret").

Kvart år innan utgangen av juni kallar styret aksjonærane inn til generalforsamling for mellom anna å godkjenne årsmeldinga og årsrekneskapen for året før, og for å velje styre i selskapet.

Ein av dei sentrale aksjonærane er Sparebanken Møre, som heile tida har hatt ein styreplass. Banken har saman med Sparebank1 SMN, Rauma kommune og Vestnes kommune gått inn med tilskott til prosjektmidlar for å sikre at fellesprosjektet Tresfjordbrua og Vågetunnelen blir realisert. I Sparebanken Møre si årsberetning for 2008 gir dei ei orientering til sine aksjonærar og innehavarar av grunnfondsbevis om arbeidet med Tresfjordbrua og Vågetunnelen, og ga samtidig klar melding om kvifor banken har vald å engasjere seg i prosjektet. Denne kan du få ved å vende deg til banken.

Biletet av dagleg leiar Torgeir Stene og styreleiar Roald Fiksdal
er tatt 18. februar 2009 og står i årsmeldinga til Sparebanken Møre.
(fotograf: Fred Jonny Hammerø)

  
Copyright 2009 by DotNetNuke Corporation