tirsdag, juni 25, 2019

Vedtekter

 

VEDTEKTER

FOR

EKSPORTVEGEN AS

ORGANISASJONSNUMMER: 950 432 756

§ 1      Selskapet sitt namn er Eksportvegen AS

          

§ 2      Selskapet har sitt kontor i Vestnes kommune.

§ 3      Selskapet sitt føremål er å planlegge, bygge og drive tunnel- og brusamband og alt som høyrer til dette mellom Måndalen i 
           Rauma kommune og Kjelbotn i Vestnes kommune.

§ 4      Selskapet sin aksjekapital er på kr. 1 770 000 fordelt på 218 aksjar frå klasse A (med røysterett) og 136 aksjar frå klasse B  
          (utan røysterett). 
           Organisasjonar / einingar med offentleg styring skal til ei kvar tid eige meir enn 50 % av A-aksjane. Kvar aksje lyder på kr. 5 000. 
           Alle aksjar er fullt innbetalt i kontantar.

§ 5     Selskapet skal leiast av eit styre på 8 medlemmer med personlege varamedlemmer, som alle vert vald for to år om gongen. Vestnes
           kommune,
          Rauma kommune og Ålesund kommune har rett til å peike ut 2 medlemmer kvar. Første gong skal eitt av styremedlemmane for kvar
          av desse 
          3 kommunane og ein av dei to andre styremedlemmane veljast for eitt år, medan dei andre 4 medlemmane veljast for to år.

 

§ 6     Styreleiaren og nestleiaren har ei funksjonstid på 1 år, begge skal veljast av generalforsamlinga.

          Vestnes kommune skal, så lenge kommunen har aksjar i selskapet, ha rett til å peike ut styreleiaren.

§ 7     Styreleiaren og dagleg leiar i fellesskap har rett til å teikne selskapet med si underskrift.

§ 8     Den ordinære generalforsamlinga skal:

·      Godkjenne resultatrekneskap og balanse

·      Vedta disposisjon av overskot eller inndekning av underskot i samsvar med den 

              godkjende balansen. Det skal ikkje delast ut utbytte til aksjonærane

·      Velje styre i samsvar med § 5

·      Handsame andre saker som etter lova høyrer inn under generalforsamlinga      .

 
§ 9      Når alle lån selskapet har teke opp er innfridd, all anna gjeld er nedbetalt og all aksjekapital er betalt tilbake til aksjonærane, skal 
           brusambandet
           og tunnelen, etter endeleg vedtak av generalforsamlinga, overlatast til Statens Vegvesen utan vederlag

§ 10   Når brua og tunnelen blir overført til Statens Vegvesen, skal selskapet løysast opp med mindre eigarar ynskjer å vidareføre drifta i   
          nye prosjekt.
          Aktiva som selskapet måtte ha og som ikkje vert førte over til Statens Vegvesen, skal realiserast og vederlaget nyttast til miljøtiltak
          i og omkring brua og tunnelen etter at aksjonærane har fått tilbakebetalt sine aksjeinnskot.

 

§ 11   Det vert elles vist til den til ei kvar tid gjeldande aksjelov.


Dei nye vedtektene vart samrøystes godkjent av generalforsamlinga i Tresfjordbrua AS 13. mai 2009 etter ei samrøystes tilråding i styremøte 20. april 2009.

 

 

Vedtektene samrøystes godkjend i generalforsamlinga i Eksportvegen AS  29.10. 2009

Copyright 2009 by DotNetNuke Corporation